5.11 Forankring

For: Kvam Herad Kommune • Nynorsk • Bytt til Bokmål

5.11 Forankring

Avvinkling med bend tillates mellom kummer. Forankring skal dimensjonerast og målast inn etter rettleiing frå kommunen. Sjå VA/Miljø-blad nr. 96, Forankring av trykkledninger.

Lokal bestemmelse for Bømlo, Fitjar, Kvam Herad, Eidfjord, Ulvik, Vaksdal, Samnanger, Tysnes og Kvinnherad

Utforming av prefabrikerte kummar skal vere i samsvar med VA miljøblad 112.

Det er eit krav at all armatur og bend skal vere forankra til kumbotn, ikkje i kumveggar (røyr skal kunne trekkast ut samtidig som armaturen har einsidig trykk). Forankringar skal dimensjonerast og plasserast av kumleverandør avhengig av kva for system dei tilbyr og tilpassa den diameteren på røyret som er tilkopla. Det er viktig å presisere at det også vil vere behov for forankringar av 45gr bend. Det bør derfor monterast eige konsoll under flensen ved overgang PE/SJK. Det er viktig å montere inn tilstrekkeleg lange forankringar.

Dersom bend blir brukt i kummen f. eks for å kunne sette inn vassmålar, skal forankringa godkjennast av VA ansvarleg