3.9 Krav til sluttdokumentasjon

For: Voss Kommune • Nynorsk • Bytt til Bokmål

3.9 Krav til sluttdokumentasjon

Før overtaking for offentleg eige, drift og vedlikehald, skal sluttdokumentasjon leverast. Sluttdokumentasjon skal innehalda:

  • Ajourførte teikningar som viser korleis anlegget er utført.
  • Koordinatfesta innmålingsdata.
  • Komplett KS- og HMS-dokumentasjon inkludert:
    • Dokumentasjon på utført røyrinspeksjon, trykkprøving og desinfisering der dette er påkrevd.
    • Dokumentasjon på evt. avvik frå originalplanen. Jfr. 3.6.
  • Tinglyste rettar.
  • Bankgarantiar.
  • Ferdigattest.

Krav til innmåling:

For alle nyanlegg (gjeld og utskifting av eksisterande leidningar) skal følgjande punkt innmålast med X-, Y- og Z-koordinatar:

  • Kummar (topp senter kumlokk), gjeld og for eksisterande kummar når dei har innverknad på anlegget.
  • Sluk (topp senter slukrist).
  • Leidningar i kum (sjå målepunkt for kotehøgd på leidning).
  • Retningsendringar (knekkpunkt) i horisontalplanet og/eller vertikalplanet.
  • Overganger (mellom ulike røyrtypar).
  • Kvar 10. meter for leidning lagt i kurve.
  • Krysningspunkt for eksisterande kommunale leidningar.
  • Gren og påkoplingar, gjeld og tilkopling av private leidningar utanfor kum i utbyggingsområder.
  • Endeavslutning av utlagte avløpsavstikkarar, gjeld berre for utbyggingsområder.
  • Nedgravde hjelpekonstruksjonar (forankringar, avlastingsplater osb.).
  • Inntak.
  • Utløp/utslepp.

Målepunkt for kotehøgd på leidning.

  • Trykkleidningar: Utvendig topp røyr.
  • Sjølvfallsleidningar: Innvendig botn røyr

Innmåling med bandmål:

  • Avstand frå senter kumlok til tilkoplingspunkt for private leidningar

Koordinatfesta innmålingsdata og eigenskapsdata for leidningsnett med tilhøyrande installasjonar (kummar, pumpar, ventilar osb.) skal leverast på digital form i samsvar med gjeldande SOSI-standard.

Sluttdokumentasjonen skal godkjennast før overtaking.

Lokal bestemmelse for Voss

Før overtaking for offentleg eige, drift og vedlikehald, skal sluttdokumentasjon leverast. Sluttdokumentasjonen skal innehalde:

  • Ajourførte teikningar som teikningar som viser korleis anlegget er utført.
  • Koordinatfesta innmålingsdata.
  • Komplett KS og HMS-dokumentasjon.
  • Dokumentasjon på utført røyrinspeksjon, trykkprøving og desinfisering der dette er nødvendig.
  • Dokumentasjon på eventuelle avvik frå den opprinnelege planen jf. pkt. 3.6.
  • Tinglyste rettigheitar jf. pkt. 3.11.
  • Bankgarantiar.
  • Ferdigattest.

I tillegg skal det leverast eit eksemplar på papirformat.

Vidare skal det leverast bilete av ferdig planert fundament før røyrlegging og eventuelt kablar. Ved fleire leidningar i høgda skal det gjerast tilsvarande for kvar leidning/kabel.

Sluttdokumentasjonen skal også innehalde;

Sjekklister for komprimering av fundament og omfylling.

Kumkort/skisse for alle kummar i samsvar med kommunalstandarden.

Videoinspeksjon med skriftleg rapport.

Trykkregistreringsskjema.

Kontrollskjema for tettleiksprøving av sjølvfallsleidningar, jfr. VA/Miljø-blad nr. 24.

Kontrollskjema for tettleiksprøving av trykkleidningar, jfr. VA/Miljø-blad nr. 25.

Innmålingsdata på alle tekniske detaljer på det offentlige og private leidningsnettet.

Desinfeksjonsrapport i samsvar med VA/Miljø-blad nr. 39 Folkehelsa.

Sjekklister og attesterte lister for eigenkontroll av siste reviderte teikningar skal ajourførast kvar veke.

Det skal takast digitale fargefoto kvar 20 meter av grøfta for kvart komprimeringslag/fundament etter at røyret er lagt men før omfylling blir utført.

Avvikrapport skal utarbeidast.