3.9 Krav til sluttdokumentasjon

For: Kvam Herad Kommune • Nynorsk • Bytt til Bokmål

3.9 Krav til sluttdokumentasjon

Før overtaking for offentleg eige, drift og vedlikehald, skal sluttdokumentasjon leverast. Sluttdokumentasjon skal innehalda:

  • Ajourførte teikningar som viser korleis anlegget er utført.
  • Koordinatfesta innmålingsdata.
  • Komplett KS- og HMS-dokumentasjon inkludert:
    • Dokumentasjon på utført røyrinspeksjon, trykkprøving og desinfisering der dette er påkrevd.
    • Dokumentasjon på evt. avvik frå originalplanen. Jfr. 3.6.
  • Tinglyste rettar.
  • Bankgarantiar.
  • Ferdigattest.

Krav til innmåling:

For alle nyanlegg (gjeld og utskifting av eksisterande leidningar) skal følgjande punkt innmålast med X-, Y- og Z-koordinatar:

  • Kummar (topp senter kumlokk), gjeld og for eksisterande kummar når dei har innverknad på anlegget.
  • Sluk (topp senter slukrist).
  • Leidningar i kum (sjå målepunkt for kotehøgd på leidning).
  • Retningsendringar (knekkpunkt) i horisontalplanet og/eller vertikalplanet.
  • Overganger (mellom ulike røyrtypar).
  • Kvar 10. meter for leidning lagt i kurve.
  • Krysningspunkt for eksisterande kommunale leidningar.
  • Gren og påkoplingar, gjeld og tilkopling av private leidningar utanfor kum i utbyggingsområder.
  • Endeavslutning av utlagte avløpsavstikkarar, gjeld berre for utbyggingsområder.
  • Nedgravde hjelpekonstruksjonar (forankringar, avlastingsplater osb.).
  • Inntak.
  • Utløp/utslepp.

Målepunkt for kotehøgd på leidning.

  • Trykkleidningar: Utvendig topp røyr.
  • Sjølvfallsleidningar: Innvendig botn røyr

Innmåling med bandmål:

  • Avstand frå senter kumlok til tilkoplingspunkt for private leidningar

Koordinatfesta innmålingsdata og eigenskapsdata for leidningsnett med tilhøyrande installasjonar (kummar, pumpar, ventilar osb.) skal leverast på digital form i samsvar med gjeldande SOSI-standard.

Sluttdokumentasjonen skal godkjennast før overtaking.

Lokal bestemmelse for Bømlo, Fitjar, Kvam Herad, Eidfjord, Ulvik, Vaksdal, Samnanger, Tysnes og Kvinnherad

Før VA anlegg kan overtakast av kommunen, skal sjekklista jfr vedlegg B1 «Sjekkliste for Teknisk plan og sluttdokumentasjon», er utfylt og godteken av kommunen.

Vidare skal all innmåling og dokumentasjon av VA anlegg vere i samsvar med vedlegg B2  «Krav til innmåling og dokumentasjon av VA anlegg.»  Dette gjeld m.a. og både trykkprøving og tettheitsprøving av nye anlegg.

I tillegg gjeld for Eidfjord kommune

Søknad om overtaking skal sendast til kommunen saman med ferdig utfylt sjekkliste (sjå vedlegg B1) og all innmåling og dokumentasjon som skal vera i samsvar med vedlegg B2. Når sjekklista er godkjent og dokumentasjonen er i orden, skal det gjennomførast prøvedrift på anlegget i 5 år.

Kommunen skal delta som observatør i prøvedriftsperioden saman med utbyggjar. Utbyggjar må retta feil og avvik som måtte visa seg i prøvedriftsperioden. Kommunen overtek ikkje anlegg som er hefta med feil og manglar.

Ved endt prøvedriftsperiode skal utbyggjar levera rapport om anlegget. Rapporten skal innehalde opplysningar om hendingar i prøvedriftsperioden, kva som har vore retta og utbetra og dokumentasjon på dette, straumforbruk, og om anlegget sin kvalitet og status ved endt prøvedriftsperiode. Rapporten vert lagt som vedlegg til søknaden om overtaking.