3.A Andre krav

For: Fitjar Kommune • Nynorsk • Bytt til Bokmål

3.A Andre krav

Lokal bestemmelse for Bømlo, Fitjar, Kvam Herad, Eidfjord, Ulvik, Vaksdal, Samnanger, Tysnes og Kvinnherad

Leidningsanlegg;

Tilgjenge for framtidig drift, vedlikehald og utskifting skal sikrast ved val av trase og utføring av anlegg. Endeleg traseval skal vere avklart med grunneigar og avtale underskreve før anlegget kan startast opp.  Avtalen skal sikre varig løyve til å ha leidningen liggjande og å kunne gjennomføre naudsynt vedlikehald. Avtalane skal tinglysast som hefte på eigedommane og vil følgje med ved frådeling og sal.

For anlegg der det ligg både kommunale/offentlege og private leidningar, har kommunen/VA verksemda rettane til utøving av nødvendig drift og vedlikehald samt full disposisjonsrett over grøfta.

Andre anlegg slik som pumpestasjonar, høgdebasseng, reinseanlegg m.v

Nødvendig areal for høgdebasseng og pumpestasjonar inkludert tilkomst/snuhammar for lastebil, skal stillast til disposisjon for kommunen. Desse rettane skal tinglysast. Framtidige nødvendige vedlikehaldsutgifter for kommunal/VA verksemda sin bruk av vegen/anlegget skal vere avklart og oppgjort ein gong for alle. Dette skal gå fram av tinglysingsdokumentet.

Viktige moment i tinglyst avtale;

  • Namn og personnr på grunneigar/føretaksnr
  • Gards og bruksnr
  • Teikning som syner VA – anlegget
  • Underskrift av grunneigar
  • Underskrift av verksemd