4.3 Krav til kompetanse for utførande personell

For: Vestnes Kommune • Nynorsk • Bytt til Bokmål

4.3 Krav til kompetanse for utførande personell

I samsvar med VA/Miljø-blad nr. 42, Krav til kompetanse for utføring av VA-leidningsanlegg, blir det krevd minst ADK-1 kompetanse eller tilsvarande av den som er bas i grøftelaget.

Kravet gjeld både for den som er ansvarlig for opparbeiding av grøft, fundament og om-/gjenfylling, og for den som legg leidningane.

Lokal bestemmelse for Vestnes

Det skal ikkje utførast røyrleggingsarbeid i grøfta utan at personell med ADK kompetanse/sertifikat er til stades. Personale med tilsvarande kunnskap/erfaring kan godkjennast etter nærare avtale med VA ansvarleg.

Ved tiltak som ikkje er søknadspliktige, er krav til ansvarleg foretak det samme som om tiltaket var søknadspliktig.