5.0 Generelt

For: Giske Kommune • Nynorsk • Bytt til Bokmål

5.0 Generelt

Hovudregelen er at vassleidningar skal vera heilt skilt fra avløpskum. Dersom VA-ansvarlig i kommunengjev løyve til vassleidning i avløpskum, skal vassleidningssystem i kum vera heilt skilt frå spillvass- og overvassystem. Drenering av vasskummar til spillvassførande leidning er ikkje tillatt.

Vassleidningar skal kunne stengast, tømast, fyllast, luftast og rengjerast. Det er ønskelig at vassleidningar blir utført som ringleidningar.

Det skal normalt vera same røyrtype/røyrdimensjon mellom kummar. Ved reparasjon og utskifting av røyr skal dette gjerast slik at den innvendige røyrdimensjonen blir halde ved lag.

Lokal bestemmelse for Giske, Stranda, Sula, Sykkylven, Ørsta, Herøy, Hareid og Ålesund

Lokale bestemmelser
 

Det blir ikkje akseptert felleskummar for vatn, avløp og overvassleidningar.

 

I bustadområde bør kommunale og private leidningar prosjekterast slik at låg vasshastigheit /lang opphaldstid med påfølgjande sedimentering og forringing  av vasskvaliteten i leidningen ikkje oppstår.

 

Det blir tilrådd at det minst ein gong pr døgn skal inntreffe vasshastigheit på minst 0,4 meter/sekund.

 

Vidare skal det leggjast peileband over vassleidningen. Dette gjeld for leidningar med dimensjon 50 mm eller større og for alle typer leidningsmaterale. Peilebanda skal førast inn i kummen og klamrast fast til kumvegg.