5.0 Generelt

For: Fitjar Kommune • Nynorsk • Bytt til Bokmål

5.0 Generelt

Hovudregelen er at vassleidningar skal vera heilt skilt fra avløpskum. Dersom VA-ansvarlig i kommunengjev løyve til vassleidning i avløpskum, skal vassleidningssystem i kum vera heilt skilt frå spillvass- og overvassystem. Drenering av vasskummar til spillvassførande leidning er ikkje tillatt.

Vassleidningar skal kunne stengast, tømast, fyllast, luftast og rengjerast. Det er ønskelig at vassleidningar blir utført som ringleidningar.

Det skal normalt vera same røyrtype/røyrdimensjon mellom kummar. Ved reparasjon og utskifting av røyr skal dette gjerast slik at den innvendige røyrdimensjonen blir halde ved lag.

Lokal bestemmelse for Bømlo, Fitjar, Kvam Herad, Eidfjord, Ulvik, Vaksdal, Samnanger, Tysnes og Kvinnherad

Det blir ikkje akseptert felleskummar for vatn, avløp og overvassleidningar.

I bustadområde bør kommunale og private leidningar prosjekterast slik at låg vasshastigheit /lang opphaldstid med påfølgjande sedimentering og forringing  av vasskvaliteten i leidningen ikkje oppstår.

Det blir tilrådd at det minst ein gong pr døgn skal inntreffe vasshastigheit på minst 0,4 meter/sekund.

Dersom leidningsanlegget er bygd slik at opphaldstida for vatnet er lang, bør tiltak iverksetjast slik at denne blir redusert. Hytteområde kan vere døme på slike område. Aktuelle tiltak kan vere etablering av eigne tappepunkt.