5.11 Forankring

For: Vestnes Kommune • Nynorsk • Bytt til Bokmål

5.11 Forankring

Avvinkling med bend tillates mellom kummer. Forankring skal dimensjonerast og målast inn etter rettleiing frå kommunen. Sjå VA/Miljø-blad nr. 96, Forankring av trykkledninger.

Lokal bestemmelse for Vestnes

Forankring i kum skal skje med bruk av godkjent konsoll tilpassa aktuelle røyrdimensjonar. Bruk av kiler er ikkje tillatt. Vidare skal botnen i den prefabrikerte kummen vere tilpassa og dimensjonert for kreftene som kan oppstå.

Ved bruk av plasstøypt kum må det kunne leggjast fram dokumentasjon på tilstrekkeleg styrke på kumbotnen for innfesting av konsoll.