5.14 Vassverkskummar

For: Voss Kommune • Nynorsk • Bytt til Bokmål

5.14 Vassverkskummar

Nødvendige installasjonar i vasskummar skal vurderast etter kva funksjon kummen skal ha. Sjå VA/Miljø-blad nr. 1, Kum med prefabrikkert bunn.

Røyrgjennomføringar skal utførast i samsvar med VA/Miljø-blad nr. 9, UTV Rørgjennomføring i betongkum.

Nedstigningskummar skal ikkje ha mindre diameter enn 1200 mm. I kummar som blir brukt til utspyling og/eller mottak av reinseplugg skal dimensjon på drensleidning vera minimum DN 150 mm.

Montering av kumramme og kumlok skal utførast i samsvar med VA/Miljø-blad nr. 32, Montering av kumramme og kumlokk.

Kummen skal ha drenering/vera tilstrekkelig tett, slik at vatn ikkje står opp på armaturet.

Lokal bestemmelse for Voss

Nedstigningskummer skal ikkje ha mindre diameter enn 1400 mm. Kumlok skal ha kommunal logo og vere merka med stor V (for vassforsyning).

Det skal brukast flat lokk med sentrisk hol som er plassert over armaturen for kummar inntil 1,5 meter djupe. For djupare kummar skal det brukast eksentrisk hol plassert over stige.

Det skal alltid monterast justeringsring, med låsering, men ikkje fleire enn 2 med samla høgde 35 cm. Kummar i veg skal helst leggjast utanom hjulspor, minimum 1,5 meter frå vegkant. Det skal brukast tette kumlokk med gummipakning.

Kummane skal tettheitsprøvast med luft og vatn i samsvar med NS 1610 og NS 3420 – H.

Det skal vere minimum 200 mm grusmasse (underbygning) frå kumkant og opp til underkant av asfaltdekke.

Alle endeleidninger skal ha kum med brannuttak. Vidare skal det monterast lufteklokke/ventil dersom leidningen ligg med stigning mot endepunktet.

Vidare skal det vere tilrettelagt for desinfeksjon av leidningsanlegg ved at servicepunkt med stuss er montert like utanfor alle ventilar jfr. VA/Miljø-blad nr. 39.

Utforming av reduksjons- og målekummar skal godkjennast av VA ansvarleg i kommunen.