5.14 Vassverkskummar

For: Kvam Herad Kommune • Nynorsk • Bytt til Bokmål

5.14 Vassverkskummar

Nødvendige installasjonar i vasskummar skal vurderast etter kva funksjon kummen skal ha. Sjå VA/Miljø-blad nr. 1, Kum med prefabrikkert bunn.

Røyrgjennomføringar skal utførast i samsvar med VA/Miljø-blad nr. 9, UTV Rørgjennomføring i betongkum.

Nedstigningskummar skal ikkje ha mindre diameter enn 1200 mm. I kummar som blir brukt til utspyling og/eller mottak av reinseplugg skal dimensjon på drensleidning vera minimum DN 150 mm.

Montering av kumramme og kumlok skal utførast i samsvar med VA/Miljø-blad nr. 32, Montering av kumramme og kumlokk.

Kummen skal ha drenering/vera tilstrekkelig tett, slik at vatn ikkje står opp på armaturet.

Lokal bestemmelse for Bømlo, Fitjar, Kvam Herad, Eidfjord, Ulvik, Vaksdal, Samnanger, Tysnes og Kvinnherad

Nedstigningskummer skal ikkje ha mindre diameter enn 1600 mm.  Kummar i veg skal helst leggjast utanom hjulspor, minimum 1,5 meter frå vegkant/asfaltkant.  Det skal brukast tette kumlokk med slitedempering.

Det skal alltid monterast justeringsring, med støttering av aluminium, men ikkje fleire enn 2 med samla høgde 35 cm.

Det skal vere minimum 300 mm grusmasse (underbygning) frå topplate  og opp til underkant av asfaltdekke på kommunale vegar. For fylkesvegar gjeld krava til Vestland Fylkeskommune og for riksvegar gjeld krava til Statens Vegvesen.

Vasskummen skal og vere tilstrekkeleg frostsikra. Det skal brukast bøyelege isolasjonsmatter, minimum 7 cm tjukke. Isolasjonsplater skal ikkje brukast. Val av metode må avklarast med VA ansvarleg i kommunen.   Ei mogleg utforming er synt i teikning  A9 . Isolert kum.

Alle kummar skal ha brannuttak.  Endeleidningar skal ha tilstrekkeleg forbruk. Kva som er tilstrekkeleg forbruk skal vere dimensjonert/rekna ut. Utrekningane skal vere godkjent av VA ansvarleg. Vidare skal det monterast lufteklokke/ventil dersom leidningen ligg med stigning mot endepunktet.

Drensleidning frå kummen skal ha dimensjon 200 mm. Vidare skal kummen sikrast mot inntrenging/tilbakeslag der dette kan skje f. eks i nærleiken av sjø/innsjø. Drensleidningen må førast til stad der vatnet ikkje kan gjere skade. Faren for gassinntrenging frå overvassanlegget samt faren for frost må  og vurderast. Ei mogleg utforming av vasskummen er synt på teikningane  A-11 Standard Vasskum og A-12 Drenering av vasskum.

For ventilpunkt som absolutt ikkje let seg drenere, skal det ikkje setjast ned kummar. I staden kan det brukast løysing der alle leidningane ligg nedgravde og slusene blir opererte via spindelforlengarar jf. teikning A 10 eller tilsvarande.  Det kan og vere aktuelt med bruk av tette PE kummar. Val av teknisk løysing slike stader skal avklarast av VA ansvarleg i kommunen/heradet.

Dersom kommunen/VA verksemda krev etablering av vassmålarkum, må utforming avtalast med VA ansvarleg.

I tillegg gjeld følgjande;

I kommunane Bømlo(BVA) og Kvam skal loka ha kommunal logo.

Kommunane/herada Eidfjord og Ulvik skal det brukast isolert topplate med eksentrisk hol for 800 mm isolert kumlokk/flyteramme.  Kumloka skal vere hengsla med slite/dempering med blå farge, lås og tett spetthol. Kummar med større djupn enn 1,5 meter skal ha fastmontert stige. Det skal vere faststøypte knastar i ramme for montering av isolokk.

I Eidfjord kommune skal avstand frå topp kumlokk til topp

armatur skal minst vere 125cm

I Ulvik  kommune skal avstand frå topp kumlokk til brannventil skal vere 70 – 90 cm.

I  Kvam og Kvinnherad skal det nyttast isolert topplate med sentrisk hol for 800 mm isolert kumlokk/ flyteramme der det er montert brannventilar for kummar inntil 2,5 meter djupe. Kumloka skal vere hengsla med slite/dempering, lås og tette spetthol.  Teknisk løysing for kummar med større djupn, skal avtalast spesielt med VA ansvarleg.

Avstand frå topp kumlokk til brannventil skal vere 70 – 90 cm.

Vidare gjeld følgjande for kommunane Bømlo(BVA), Fitjar, Sveio, Tysnes og Vaksdal

Alle kummar skal ha brannventil.

Ved alle kummar skal det alltid monterast justeringsring av betong, med støttering av aluminium eller varmforsinka stål , men ikkje fleire enn 2 med samla høgde 30 cm.  Over justeringsringane skal det leggjast avslutningsring eller stoppring slik at grus/stein/asfalt ikkje kjem ned i kummen. «Flettelise» skal brukast for å beskytte betongringane under anleggsarbeidet og fjernast før asfaltering.

Det skal brukast sentrisk kjegle med hol 650 mm blå ring på kumlokk/flyteramme, minste høgde 1,7 m, største høgde 2,3 m. Loka på 650 mm skal ha 2 låsar, dempe/tette ring type med  påstøypt nylonring og 2 tette spetthol.

 Avstand frå topp kumlokk til brannventil skal vere 90 – 120 cm

Vassverkskummar skal vere merka med «frå – til» med SIDnr eller kumnr i VA plan. Det blir og vist til vedlegg B5 og utfylt kumskjema type B.

I tillegg gjeld for Fitjar kommune

I terreng dvs. ute av veg går kravet til låsbare kumlok ut.

For Ullensvang kommune gjeld følgjande

Det skal brukast flat lokk med sentrisk hol plassert over brannkula for kummar inntil 2,5 meter djupe. For djupare kummar skal det brukast eksentrisk hol plassert over stige. For kummar djupare enn 2 meter skal det monterast fallrist. Det blir elles synt til vedlegg A18; Djup vasskum.

Vasskummar/brannhydrantar som skal brukast til uttak av vatn til slamsugebilar, kostebilar etc. skal vere sikra mot tilbakestraum i samsvar med VA Miljøblad 61: EA Kontrollerbar tilbakeslagsventil. VA ansvarleg bestemmer kva for kummar det skal kunne takast ut vatn frå.