5.14 Vassverkskummar

For: Vestnes Kommune • Nynorsk • Bytt til Bokmål

5.14 Vassverkskummar

Nødvendige installasjonar i vasskummar skal vurderast etter kva funksjon kummen skal ha. Sjå VA/Miljø-blad nr. 1, Kum med prefabrikkert bunn.

Røyrgjennomføringar skal utførast i samsvar med VA/Miljø-blad nr. 9, UTV Rørgjennomføring i betongkum.

Nedstigningskummar skal ikkje ha mindre diameter enn 1200 mm. I kummar som blir brukt til utspyling og/eller mottak av reinseplugg skal dimensjon på drensleidning vera minimum DN 150 mm.

Montering av kumramme og kumlok skal utførast i samsvar med VA/Miljø-blad nr. 32, Montering av kumramme og kumlokk.

Kummen skal ha drenering/vera tilstrekkelig tett, slik at vatn ikkje står opp på armaturet.

Lokal bestemmelse for Vestnes

Nedstigningskummer skal ikkje ha mindre diameter enn 1600 mm (runde eller firkanta kummar). Mindre dimensjonar på kummen skal avklarast med VA-ansvarleg i kommunen.

Det skal vere minimum 200 mm grusmasse (underbygning) frå kumkant og opp til underkant av asfaltdekke.

Vassverkskummar skal plasserast på ein slik måte at dei let seg drenere (kummen skal vere tørr). Dersom dette ikkje let seg gjere, skal det ikkje setjast ned kummer. I staden skal det brukast forenkla kumløysing dvs. at alle leidningane og armatur ligg nedgravde og slusene blir opererte via spindelforlengarar jf. vedlegg A8. Dersom det er montert brannventil, må det vere eit system for nedtapping. Ei slik løysing skal godkjennast av VA ansvarleg.

Alle endeleidningar skal ha kum med brannuttak eller spyleleidning. Vidare skal det monterast lufteklokke/ventil dersom leidningen ligg med stigning mot endepunktet.

Alle vassverkskummar skal og vere tilrettelagt for pluggkøyring.

Vasskummen skal vere frostsikker. Val av metode må avklarast med VA ansvarleg i kommunen.

Reduksjons- og målekummar skal godkjennast av VA ansvarleg i kommunen.

Tillegg gjeld for kommunane Aukra, Gjemnes, Nesset, Rauma og Vestnes;

Utgangspunktet er alt armatur i kummer kunne handterast frå bakkenivå. Det skal som hovudregel brukast flatt lokk med sentrisk hol som er plassert over armaturen for kummar inntil 2,0 meter djupe. For djupare kummar skal det som hovudregel brukast eksentrisk kjegle.

I tillegg gjeld for Midsund kommune;

I utgangspunktet skal alt armatur i kummar kunne betenast frå bakkenivå. For kummar med brannventil skal det vere sentrisk kjegle med 800 mm lokk plassert over ventilen. Bruk av kapsellok skal vurderast. For kummar utan brannventil kan andre løysingar vere aktuelle etter avtale med VA ansvarleg i kommunen.