5.14 Vassverkskummar

For: Bjørnafjorden Kommune • Nynorsk • Bytt til Bokmål

5.14 Vassverkskummar

Nødvendige installasjonar i vasskummar skal vurderast etter kva funksjon kummen skal ha. Sjå VA/Miljø-blad nr. 1, Kum med prefabrikkert bunn.

Røyrgjennomføringar skal utførast i samsvar med VA/Miljø-blad nr. 9, UTV Rørgjennomføring i betongkum.

Nedstigningskummar skal ikkje ha mindre diameter enn 1200 mm. I kummar som blir brukt til utspyling og/eller mottak av reinseplugg skal dimensjon på drensleidning vera minimum DN 150 mm.

Montering av kumramme og kumlok skal utførast i samsvar med VA/Miljø-blad nr. 32, Montering av kumramme og kumlokk.

Kummen skal ha drenering/vera tilstrekkelig tett, slik at vatn ikkje står opp på armaturet.

Lokal bestemmelse for Bjørnafjorden

Lokale bestemmelser
Nedstigningskummer skal ikkje ha mindre diameter enn 1600 mm.  Det skal brukast topplate med sentrisk hol for 800 mm kumlokk/flyteramme med slite/dempering og lås. Det skal vere montert kapsellokk på alle kumlokk, sentrert over brannventil.

 

Avstand frå topp kumlokk til brannventil skal vere 70 – 90 cm.

 

Det skal alltid monterast justeringsring av betong eller plast, med støttering av aluminium eller varmforsinka stål , men ikkje fleire enn 2 med samla høgde 35 cm.

 

Vassverkskummar skal plasserast på ein slik måte at dei let seg drenere(kummen skal vere tørr).

 

Dersom dei ikkje let seg drenere, skal dei vere utan dreneringshull (tett), eventuelt dreneringsrøyr over grunnvasstand.

 

Kummar i veg skal leggjast utanom hjulspor, minimum 1,5 meter frå vegkant/asfaltkant.  Det skal brukast tette kumlokk med slitedempering.

 

Alle endeleidninger skal ha kum med brannuttak. Vidare skal det monterast lufteklokke/ventil dersom leidningen ligg med stigning mot endepunktet.

 

Det skal vere tilrettelagt for desinfeksjon av leidningsanlegg ved at servicepunkt med stuss er montert på mellomringer like utanfor alle ventilar.  Alle vassverkskummar skal og vere tilrettelagt for pluggkøyring.

 

Utforming av reduksjonskummar skal vere i samsvar med standard teikning A7 eller A8. Endeleg val av løysing blir avgjort av VA ansvarleg i kommunen/verksemda.

 

Dersom kommunen/VA verksemda krev etablering av vassmålarkum, må utforming avtalast med VA ansvarleg.

 

Det skal vere minimum 200 mm grusmasse (underbygning) frå topplate  og opp til underkant av asfaltdekke på kommunale vegar. For fylkesvegar og riksvegar gjeld krava til Statens Vegsvesen.

 

I Austevoll kommune skal det brukast kumlokk med 650 mm diameter utan kapsellokk.

 

I kommunane Lindås og Os skal loka ha kommunal logo. Etter avtale  med VA ansvarleg kan kravet til kommunal logo gå ut.

 

For kommunane Meland, Sund og Øygarden skal kummar djupare enn 2 meter byggjast opp i samsvar med vedlegg A 6. Slike kummar skal ha diameter på 2000 mm.

 

For kommunane/verksemdene FjellVAR, Lindås, Meland og Sund skal det for ventilpunkt som absolutt ikkje let seg drenere, ikkje setjast ned kummar. I staden skal det brukast Baio løysing dvs. at alle leidningane ligg nedgravde og slusene blir opererte via spindelforlengarar jf. vedlegg A 9.

 

Generelt skal vassverkskummar vere merka i samsvar med gjeldande kommunale reglar. For Lindås og Øygarden gjeld spesielt:

 

Alle vasskummar skal vere skilta med type «bergensmodellen».