5.3 Dimensjonering av vassleidningar

For: Osterøy Kommune • Nynorsk • Bytt til Bokmål

5.3 Dimensjonering av vassleidningar

Dersom vatnet har for lang opphaldstid i leidningsnett og høgdebasseng, kan vannkvaliteten bli dårligare. Volumet i vassleidningar og basseng skal difor tilpassast variasjonane til eit normalt vassforbruk. Vassverk der det normale forbruket er lite, kan difor ikkje levera store mengder vatn til brannsløkking. I slike områder bør store og middels store sprinkleranlegg ha eigen vassforsyning.

Dimensjonering skal gjerast i samsvar med NS-EN 805, Kap. 8, Dimensjonering, tillegg A. 8, 9, 10, 11, 12 og 13.

Lokal bestemmelse for Osterøy og Alver

Lokale bestemmelser

 

 

Ved vurdering av ønske om (trong for) auke i vasskapasitet på grunn av brannsløkking eller sprinkleranlegg, må kommunen rekne ut opphaldstida ved normalforbruk. Krava til vasskvalitet i Drikkevassforskrifta går framføre krava til brannvatn i Byggjeforskrifta. Det kan resultere i at ekstra vatn til brannsløkking og sprinkleranlegg då må skaffast på annan måte

 

Kommunen/VA verksemda skal gje informasjon om kor mykje vatn som kan takast ut frå nettet ulike stader. Dersom utbyggar treng meir vatn enn dette, må han sjølv gjennomføre nødvendige tiltak t.d. eige basseng med pumpe etc.

 

Det blir elles synt til VA miljøblad nr 82.