5.8 Armatur

For: Vestnes Kommune • Nynorsk • Bytt til Bokmål

5.8 Armatur

Alle støypejernsdelar skal vera i duktilt støypejern (GGG) etter NS-EN 545.

Flenseskøytar skal koplast med boltar med smurt gjengeparti. Armatur og boltar skal minst tilfredsstilla same krav til levetid som røyra.

Lokal bestemmelse for Vestnes

VA/Miljø-blad nr. 1 skal danne utgangspunktet for utforming av ventilarrangement. Det skal brukast ventiler frå Ulefos Esco, Hawle, AVK eller av tilsvarande kvalitet. Ventilane skal vere høgrestengte. Som avstengningsventilar skal det brukast glattløps sluse­ventilar med kort byggelengde.

Lufteventilen skal vere enkeltvirkande dvs berre utlufting. Eventuell bruk av dobbeltvirkande ventil i kum, skal godkjennast av VA ansvarleg. Det skal vere minimum 10 promille stigning før og etter lufteventil.

Ventil T eller ventil kryss med serviceventil skal brukast jfr. teikning A4 Vasskum i veg. Kummane skal tilretteleggast for pluggkøyring.

Overflatene skal innv/utv vere beskytta med min. 250μm varmpålagt blå pulverepoxy.

Alle gjengeskøytar utanfor kum skal forseglast med krympemuffe. Alle glattløpssluser skal leverast med nøkkeltoppar.

Overflatebehandling av all armatur skal vere i samsvar med GSK-standard både med omsyn til prosess og produkt.

Boltar, skiver og mutterar av typen rustfritt syrefast stål SS2343 skal brukast i område med fare for korrosjon m.a. i nærleiken av sjø. Det skal brukast godkjent smøremiddel etter avtale med VA ansvarleg.