5.8 Armatur

For: Øygarden Kommune • Nynorsk • Bytt til Bokmål

5.8 Armatur

Alle støypejernsdelar skal vera i duktilt støypejern (GGG) etter NS-EN 545.

Flenseskøytar skal koplast med boltar med smurt gjengeparti. Armatur og boltar skal minst tilfredsstilla same krav til levetid som røyra.

Lokal bestemmelse for Øygarden

Lokale bestemmelser
 

VA miljøblad nr 1 skal danne utgangspunktet for utforming av ventilarrangement. Det skal nyttast ventilar frå Ulefos, Hawle, AVK eller av tilsvarande kvalitet. Ventilane skal vere høgrestengde. Som avstengningsventilar skal det brukast glattløps sluse­ventilar med kort byggelengde

 

Ventil T eller ventil kryss skal brukast.  Mellomringar med bakkekran skal vere montert på alle leidningar inn og ut av kummen. Bajonettløysing skal veljast – gjengeløysing er ikkje tillatt brukt i støypegods. Kummane skal tilretteleggjast for pluggkøyring.

 

I Osterøy skal det brukast serviceventilar på ventilkryss og ventil T i alle kummar.

 

I Austevoll kan elektroanboring nyttast som alternativ til mellomring.

 

I Os kommune  skal det ved bruk av duktile røyr brukast Ventil T og kryss med serviceventilar.

 

Overflatebehandling av all armatur skal vere i samsvar med GSK – standard, både med omsyn til prosess og produkt.