Nedstigningskummar skal ikkje ha mindre diameter enn 1000 mm. For dei minste røyrdimensjonane bør renner utførast i same materiale som røyrleidningen (ved bruk av PVC-røyr kan renner i PP aksepterast).
Montering av kumramme og kumlok skal utførast i samsvar med VA/Miljø-blad nr. 32, UT. Montering av kumramme og kumlokk. Kummen skal vera tett.
Bruk av minikummar skal avtalast med VA-ansvarlig i kommunen.
Normalt skal minikummar med diameter minimum 400 mm. Ved større forgreiningspunkt skal nedstigingskummar brukast. Alle nedstigingskummer djupare enn 1,5 meter skal ha stige. Kumstigane skal vere av aluminium eller tilsvarande korrosjonsbestandig materiale. Kummer djupare enn 4 meter skal ha mellomdekke.
www.va-norm.no eies av Norsk Vann, som også er ansvarlig for drift og vedlikehold av nettstedet.