6.21 Trykkavløp

For: Kvam Herad Kommune • Nynorsk • Bytt til Bokmål

6.21 Trykkavløp

Trykkavløpssystem basert på kvernpumper skal dimensjonerast og utførast i samsvar med VA/Miljø-blad nr. 66, UT. Trykkavløp. Dimensjonering og utforming.

Lokal bestemmelse for Bømlo, Fitjar, Kvam Herad, Eidfjord, Ulvik, Vaksdal, Samnanger, Tysnes og Kvinnherad

For kommunane Bømlo, Eidfjord, Fitjar, Kvam, Samanger, Sveio, Tysnes, Ullensvang, Ulvik og Vaksdal gjeld;

Trykkavløp basert på private kvernpumper eller pumper med tilsvarande kverneffekt(eksenterskruepumper)blir normalt tillate. Pumper og pumpeleidningar frå kvar hytte/hus blir ikkje overtatt til kommunal eige og drift.

Det skal leggast ved dokumentasjon på berekning av heile trykkavløpsanlegget. Det blir elles vist til pkt. 4.1. Alle stikkleidningar frå trykkavløp skal koplast i eigen kum, sjå teikning A16.«Påkoplingskum Trykkavløp»

For Ullensvang gjeld i tillegg:

Tilkopling via greinrøyr blir og tillate brukt. Det er då krav om nedgraven stengeventil (med spindel i oppføringsrøyr til terreng) på trykkleidningen rett utanfor pumpesump.

Det skal alltid setjast av tersa grein til hytter som ikkje ønsker tilkopling i første omgang. Dette er spesielt viktig dersom det er varmekabel på leidningen, då ein ikkje ønsker at denne skal kappast/skøytast.

Ved lange endeleidningar/trykkleidningar (lenger enn ca 500 meter ) kan etablering av eigen sirkulasjonspumpestasjon vere aktuelt for å sikre tilstrekkeleg gjennomstraum og hindre at spillvatnet rotnar i leidningen og lagar vond lukt. Stasjonen skal vere tilkopla vassforsyninga med tilbakeslagssikring og pumpe vatn inn på pumpespillvassleidningen, og vil sørge for sirkulasjon i både vassleidning og spillvassleidning. Innløp vassleidning skal ligge over overløpsnivå i stasjonen. VA ansvarleg avgjer om dette tiltaket skal gjennomførast.