6.A Andre krav

For: Sula Kommune • Nynorsk • Bytt til Bokmål

6.A Andre krav

Lokal bestemmelse for Giske, Stranda, Sula, Sykkylven, Ørsta, Herøy, Hareid og Ålesund

Lokale bestemmelser
Overløp frå avløpspumpestasjonar/reinseanlegg skal vere tilknytta drifts- og fjernkontrollanlegg til kommunen.

 

Dersom det er føremålstenleg kan det etablerast spillvassleidning i grovborehull i fjell. Fallet skal vere minimum 10 promille. Borehullslengde større enn 100 meter skal avklarast spesielt med VA-ansvarleg i planfasen.

Det skal brukast PE-leidning med beskyttelseskappe og leidningen skal forankrast slik at slitasjeskader på grunn av temperaturbevegelser blir forhindra. SDR-verdien for PE-leidningen avtalast særskilt med VA-ansvarleg. Leidningane skal vidare monterast slik at materialspenningar ikkje under noe høve kan overskridast. Det skal etablerast kum i begge ender av boreholet. Desse skal vere tilrettelagt for pluggkøyring. I tillegg skal det på oppstraums side etablerast stein- og sandfangskum.

Boreholet skal vere drenert slik at vasstrykk ikkje kan bygge seg opp mellom røyr og borehol. Det må etablerast overløpsordning som gjer det mogleg å handtere ein avbrotssituasjon. Det skal vere køyrbar tilkomst til begge sider av boreholet dersom anna ikkje er spesielt avtalt. Leidning i borehol er å betrakte som en dispensasjonssak og skal behandlast spesielt.

 

Rehabilitering av leidningar med NoDig-metode krev særskilt avklaring med VA-ansvarleg.