7.17 Sandfang/bekkeinntak

For: Fitjar Kommune • Nynorsk • Bytt til Bokmål

7.17 Sandfang/bekkeinntak

Før overflatevatn blir ført inn på kommunal overvassleidning må det passera rist og sandfang.

Der det er naudsynt å leggja bekk i røyr/kulvert skal bekkeinntak utformast med vekt på god hydraulisk vassføring og sjølvreinsing av rist.

Lokal bestemmelse for Bømlo, Fitjar, Kvam Herad, Eidfjord, Ulvik, Vaksdal, Samnanger, Tysnes og Kvinnherad

Lokal handtering av overvatn er første prioritet. Dersom overvassanlegget skal koplast til kommunalt nett, skal fordrøyingskummar brukast jr. bildet under.

Etablering av sandfang jr.  teikning A 17:  «Standardteikning Sandfang» representer ei unntaksløysing. Løysing må dimensjonerast i kvart enkelt tilfelle og godkjennast av VA ansvarleg.

Ristene skal vere sykkelsikre dvs. sykkeldekk skal ikkje kunne kile seg fast.

Nokre kommunar har utarbeidd eigne kommunale VEG normer. Utforming av ristene må og vere i samsvar med eventuelle krav sett i slike vegnormer.

For Ullensvang kommune gjeld spesielt;

Kummen skal ha 1000 mm diameter.

Alternativ er drensleidning frå overløp og ut i grunnen.