4.3 Krav til kompetanse for utførande personell

For: Kvinnherad Kommune • Nynorsk • Bytt til Bokmål

4.3 Krav til kompetanse for utførande personell

I samsvar med VA/Miljø-blad nr. 42, Krav til kompetanse for utføring av VA-leidningsanlegg, blir det krevd minst ADK-1 kompetanse eller tilsvarande av den som er bas i grøftelaget.

Kravet gjeld både for den som er ansvarlig for opparbeiding av grøft, fundament og om-/gjenfylling, og for den som legg leidningane.

Lokal bestemmelse for Kvinnherad

For følgjande kommunar  Bømlo, Eidfjord, Fitjar, Samnanger, Sveio, Tysnes, Ullensvang, Ulvik og Vaksdal gjeld kravet;

Utførande for røyrarbeidet inkludert fundament og omfylling i leidningssona  skal ha gyldig ADK-1 sertifikat.

Utførande firma må kunne dokumentere tilstrekkeleg kompetanse for å kunne utføre arbeidet i samsvar med tiltaksklassane i Plan og Bygningslova

For kommunane Kvam og Kvinnherad gjeld kravet;

Maskinførar og utførande for VA-leidningsarbeid inkludert fundament og omfylling i leidningssona skal ha gyldig ADK-1 sertifikat.

Utførande firma må dokumentere tilstrekkeleg kompetanse for å kunne utføre arbeidet i samsvar med tiltaksklassane i Plan og Bygningslova.

Kompetanse på utførande personell skal dokumenterast med referanseliste frå andre tilsvarande VA-prosjekt.