1 Hjemmelsdokumenter (Lover og forskrifter)

For: Herøy kommune • Nynorsk • Bytt til Bokmål

1 Hjemmelsdokumenter (Lover og forskrifter)

Lokal bestemmelse for Giske, Stranda, Sula, Sykkylven, Ørsta, Herøy, Hareid og Ålesund

Kommunalteknisk VA norm gjeld for alle VA anlegg dvs. både kommunale anlegg og anlegg som blir bygd ut av private aktørar for deretter å bli overtatt av kommunen/VA verksemda  i samsvar med §§ 11.9, 17 og 18.1 i Plan og Bygningslova (PBL). Det er med bakgrunn i eigarrådveldet over eigne anlegg kommunen/VA  verksemda gir desse reglane for korleis dei kommunaltekniske anlegga skal utformast.

Dei lokale bestemmelsane utfyller og kompletterer dei sentrale bestemmelsane i VA-norma. Dersom det er motstrid mellom desse, skal dei lokale bestemmelsane vere gjeldande.  VA-anlegg som ikkje er utført i samsvar med krava i VA-norma blir ikkje overtatt av kommunen.

VA norma gjeld også for private fellesanlegg for 4 eller fleire einingar (bueiningar, fritidseiningar), i samsvar med kommunen sine arealvedtekter til kommuneplanen. For næringseiningar er kravet frå første eining.

I tillegg gjeld  for private anlegg tilknytt eller som skal knyttast til  kommunale  anlegg, reglane i Standard Abonnentsvilkår (Administrative bestemmelser og Tekniske bestemmelser) så langt dei ikkje er i strid med denne VA norma jfr. avsnittet ovanfor.

I tillegg gjeld for Ålesund kommune;

  • Sanitærreglement for Ålesund kommune
  • Graveinstruks Ålesund kommune
  • NS 3420 (heile standarden), pkt 3.1
  • Kommunalteknisk veg og gatenorm Ålesund kommune
  • Vedlegg B5 Forhåndsuttale og rørleggermelding

Ved usikkerheit om krava skal det takast kontakt med VA-ansvarleg i kommunen. VA-ansvarleg i Ålesund kommune er «Verksemdsleiar for vatn og avløp».