5.11 Forankring

For: Bjørnafjorden Kommune • Nynorsk • Bytt til Bokmål

5.11 Forankring

Avvinkling med bend tillates mellom kummer. Forankring skal dimensjonerast og målast inn etter rettleiing frå kommunen. Sjå VA/Miljø-blad nr. 96, Forankring av trykkledninger.

Lokal bestemmelse for Bjørnafjorden

Utforming av prefabrikkerte kummar skal vere i samsvar med VA miljøblad 112. Forsvarleg forankring av armatur i plassbygde kummar i tråd med forankringskrav i VA-miljøblad 112 skal dokumenterast i samband med prosjektering av kummen. Det er tilrådd at kreftene i stor grad vert forankra i kumvegg med rørdel med innmuringskrage. Armatur skal også underbyggjast med fundament. For store kummar og leidningar og høgt trykk må ein vere særleg merksam på krav til forankring.

Det blir vist til vedlegg A 12 Forankring jordgrøft og A 13 Forankring fjellgrøft. Alternative løysingar kan godkjennast etter avtale med VA-ansvarleg.

Forankring i kum skal skje med bruk av godkjent konsoll. Bruk av kilar utan sikring er ikkje tillat.