3.0 Generelt

For: Osterøy Kommune • Nynorsk • Bytt til Bokmål

3.0 Generelt

Bygging av VA-anlegg er normalt søknadspliktig i samsvar med Plan og bygningslova, og ansvarlige aktørar skal godkjennast gjennom byggjesaksforskrifta. Anlegg som ikke er uført i samsvar med VA-norma til kommunen og godkjente planar, kan kommunen nekta å overta.

Lokal bestemmelse for Osterøy og Alver

Ved utarbeiding av reguleringsplanar skal det følgje ein VA rammeplan. Denne planen skal vere godkjent før reguleringsplanen kan vedtakast.

VA-rammeplanen skal bestå av utgreiingar, planteikningar og andre nødvendige illustrasjonar/teikningar. Det skal utarbeidast eit plankart i målestokk >1:2000 som viser hovudtrasear (kommunale og private), brannsvassdekking, løysingar for overvasshandtering, pumpestasjonar mm. Planen skal avklare eigartilhøva til nye VA- leidningar (private eller kommunale). For nærare innhald og oppbygging av VA rammeplanen, blir det vist til vedlegg B 1: Sjekkliste for VA – rammeplan

Komplett teknisk plan med teikningar, beskrivelse, kapasitetsberekningar skal sendast til kommunen/VA-verksemda for godkjenning før det blir gitt rammeløyve. Detaljert prosjektering av VA-anlegg skal vere basert på prinsippa i VA-rammeplanen. Kravet om teknisk plan gjeld for utbygging av 5 eller fleire bueiningar/fritidseiningar og næringsområde. For nærare innhald i teknisk plan blir det vist til vedlegg B 2: Sjekkliste for teknisk plan og sluttdokumentasjon av VA-anlegg.

Korrigerte teikningar og «som bygd teikningar» skal inngå i sluttdokumentasjonen for prosjektet jamfør punkt 3.9. i VA-norma.