4.0 Generelle bestemmelser

For: Osterøy Kommune • Nynorsk • Bytt til Bokmål

4.0 Generelle bestemmelser

Generelt blir det vist til VA/Miljø-blad nr. 5 og 6. Dersom røyrprodusenten har gitt strengare krav til legging enn VA-norma, skal krava frå produsenten følgjast.

Lokal bestemmelse for Osterøy og Alver

Nødvendig frostsikring/overdekking skal vere minimum 1,2 meter. 1,5 m
der leidningen går i eiga grøft for dimensjonar til og med 200 mm. For dimensjonar på vassleidning større enn dette er nødvendig overdekking sett til 1,5 meter.

Legging av kommunal leidning grunnare enn 1,2 meter eller djupare enn 2,5 meter krev godkjenning av VA-ansvarleg i kommunen /verksemda.

Ved boring/gjennomtrekking i vegar og liknande skal det brukast kappe av PP (polypropylen) på PE røyr.

Tekniske løysingar for utforming av leidningsanlegg ved boring i fjell og lausmassar skal godkjennast av VA-ansvarleg i kommunen/VA-verksemda.

Eventuell bruk av grunne grøfter og isolering/preisolerte røyr og eventuelt varmekablar, skal godkjennast særskilt av VA-ansvarleg.

Mottakskontroll av røyr og delar, lagring og montering

Utførande entreprenør har ansvaret for handtering og tilstand av røyra og inntil dei er overtekne av kommunen. Alle røyr skal vere tersa/plugga i begge endar under lagring fram til montering i grøfta i samsvar med produsenten sine tilrådingar. Ved montering/legging av røyra skal enden vere tersa fram til neste røyr blir montert.

Utførande entreprenør skal kontrollere røyr og kummar for feil/ skader. Ved eventuelle skader skal nødvendig reperasjon gjennomførast i samsvar med tilråding frå røyrleverandør. Dersom dette ikkje kan gjerast på ein fullgod måte, skal røyra skal returnerast dvs. ikkje brukast.

Ved mellomlagring på anleggsstaden, skal røyra ligge på pallar, omfyllingsmasse eller liknande. Ved langvarig lagring dvs. meir enn 3 månader, skal røyra tildekkast.

Mottakskontroll skal gjennomførast og kunne dokumenterast.