4.4 Beliggenhet/trasévalg

For: Osterøy Kommune • Bokmål • Bytt til Nynorsk

4.4 Beliggenhet/trasévalg

Ledninger skal være tilgjengelige for nødvendig inspeksjon og kontroll, samt for oppgraving ved reparasjoner og tilknytninger.

Det skal være betryggende avstand mellom ledning og byggverk, konstruksjon eller kabelanlegg. Minste avstand mellom byggverk/kabler og VA-ledninger må være i samråd med alle berørte parter.

Hovedledninger skal fortrinnsvis ligge i gate eller i gang/sykkelvei. Anlegget bør så fremt det er mulig ligge på offentlig grunn. Dersom hovedledninger blir liggende på privat grunn kreves tinglyst erklæring om vedlikehold, fornyelser, adkomst, etc. Det skal da etableres avtale for anleggsperioden og tinglyst erklæring for fremtidig adkomst.

Lokal bestemmelse for Osterøy og Alver

Reglar for saksbehandling og ansvar ved omlegging av leidningar i og langs veg er gitt i Leidningsforskrifta. Det vert og vist til Norsk Standard 3070.

Hovudleidningar skal fortrinnsvis liggja i fortau eller gang- og sykkelveg om mogeleg.

Hovudleidningen skal i utgangspunktet ikkje liggja nærare hus eller andre konstruksjonar enn 4,0 meter målt horisontalt. Fundamentet til byggverket må vanlegvis liggja lågare enn underkant VA-leidningen som ligg djupast.

Dersom dette likevel er naudsynt med kortare avstand, skal omtale (beskrivelse) med teikningar og utrekningar vere godkjent av VA-ansvarleg i kommunen før arbeidet vert iverksett/starta opp. Vassleidningar større enn 300 mm skal behandlast spesielt.

Minsteavstand mellom VA-leidningar og kablar skal vere 1 meter horisontalt for grøfter med inntil 2 meter leggedjupne. Vidare skal stikkleidningar vere plassert i botn grøft, stripsa saman jamfør teikning A 2: Grøftesnitt.

Overvassleidningen skal liggja under vass- og avløpsleidningen slik at topp overvassleidning ligg på same nivå som botn vass- og avløpsleidning. Ved leggedjupne større enn 2 meter målt vertikalt må avstanden aukast. Kor mykje må avklarast med VA–ansvarleg.

Minsteavstand mellom VA-leidningar og fjernvarmeleidning/gassleidning skal vere 1,5 meter. Dersom desse vert lagde i same plan som VA-leidningane kan avstanden reduserast til 1 meter. Ved leggedjup større enn 2 meter må avstanden aukast utover 1,5 meter. VA-ansvarleg i kommune/VA-verksemda avgjer kor mykje.

Kryssing mellom leidningsanlegg og kabelanlegg skal skje over kortast mogleg strekning. Ved kryssing mellom gassleidning og andre leidnings- og kabelanlegg skal nødvendige

For Austrheim, Alver, Bjørnafjorden, Osterøy, Masfjorden kan overvassleidningar med dimensjon til og med 300 mm leggjast i same plan som vass- og avløpsleidningane.

Dersom leidningane er lagt i same plan, skal vassleidningen normalt krysse over avløpsleidningen når det er behov for kryssing.