5.8 Armatur

For: Osterøy Kommune • Bokmål • Bytt til Nynorsk

5.8 Armatur

Alle støpejernsdeler skal være iduktilt støpejern (GGG) etter NS-EN 545.

Flenseforbindelser skal koples med bolter med smurt gjengeparti. Armatur og bolter skal minst tilfredsstille samme krav til levetid som rørene.

Lokal bestemmelse for Osterøy og Alver

VA miljøblad nr 1 skal danne utgangspunktet for utforming av ventilarrangement. Det skal nyttast ventilar frå Ulefos, Hawle, AVK eller av tilsvarande kvalitet med nøkkeltopp. Ventilane skal vere høgrestengde. Som avstengingsventilar skal det brukast glattløps sluseventilar med kort byggelengde.

Ventil-T eller ventilkryss skal brukast. Mellomringar med bakkekran skal vere montert på alle leidningar inn og ut av kummen. Bajonettløysing skal veljast – gjengeløysing er ikkje tillate brukt i støypegods. Det skal vere tilrettelagt for pluggkøyring i kummane.

Sluseventil under brannkule skal ha påmontert ratt. Vidare skal ventilen vere montert mellom lufteventil og brannkule.

Alle opne endar/frie gjenger skal tersast/dekkast til slik at uønskte materiale ikkje kjem inn på leidningsnettet.

Overflatebehandling av all armatur skal vere i samsvar med GSK–standard, både med omsyn til prosess og produkt.

I Osterøy skal det brukast serviceventilar på ventilkryss og ventil-T i alle kummar.

I Bjørnafjorden kommune skal det ved bruk av duktile røyr brukast ventil-T og kryss med serviceventilar.