5.14 Vannkummer

For: Osterøy Kommune • Bokmål • Bytt til Nynorsk

5.14 Vannkummer

Nødvendige installasjoner i vannkummer skal vurderes etter en drøfting av kummens funksjon. Se VA/Miljø-blad nr. 1, PTV. Kum med prefabrikkert bunn.

Rørgjennomføringer skal utføres i henhold til VA/Miljø-blad nr. 9, UT. Rørgjennomføring i betongkum.

Nedstigningskummer skal ikke ha mindre diameter enn 1200 mm. For kummer som er beregnet på utspyling og/eller mottak av renseplugger, skal drensledningen dimensjoneres. Minste innvendig dimensjon er 150 mm.

Montering av kumramme og kumlokk skal utføres i henhold til VA/Miljø-blad nr. 32, UT. Montering av kumramme og kumlokk.

Kummen skal ha drenering/være tilstrekkelig tett, slik at vann ikke står opp på armaturet.

Lokal bestemmelse for Osterøy og Alver

Nedstigningskummar skal ikkje ha mindre diameter enn 1600 mm. Det skal brukast topplate med sentrisk hol for 800 mm kumlokk/flyteramme med slite/dempering og lås. Det skal vere montert kapsellokk på alle kumlokk, sentrert over brannventil, bortsett frå hjå Øygarden kommune som ikkje skal ha kapsellokk i kumlokket.

Avstand frå topp kumlokk til brannventil skal vere 70 – 100 cm.

Det skal alltid monterast justeringsring av betong eller plast, med støttering av aluminium eller varmforsinka stål, men ikkje fleire enn 2 med samla høgde 35 cm.

Vassverkskummar skal plasserast på ein slik måte at dei let seg drenere. Kummen skal vere tørr

For ventilpunkt som absolutt ikkje let seg drenere kan alternativ vere å bruka Baio løysing dvs. at alle leidningane ligg nedgravne og slusene vert opererte via spindelforlengarar jamfør vedlegg A 9 eller å nytta kum utan dreneringshull (tett), eventuelt dreneringsrøyr over grunnvasstand. Løysing skal avklarast med VA- ansvarleg. Tilkopling av stikkleidningar skal skje i kum, jamfør punkt 5.10

Kummar i veg skal leggjast utanom hjulspor, minimum 1,5 meter frå vegkant/asfaltkant. Det skal brukast tette kumlokk med slitedempering.

Alle endeleidningar skal ha kum med brannuttak. Vidare skal det monterast lufteklokke/ventil dersom leidningen ligg med stigning mot endepunktet.

Det skal vere tilrettelagt for desinfeksjon av leidningsanlegg ved at servicepunkt med stuss er montert på mellomringer like utanfor alle ventilar. Alle vassverkskummar skal og vere tilrettelagt for pluggkøyring.

Utforming av reduksjonskummar skal vere i samsvar med standard teikning A 7 eller A 8. Endeleg val av løysing vert avgjort av VA-ansvarleg i kommunen/verksemda.

Dersom kommunen/VA-verksemda krev etablering av vassmålarkum, må utforming avtalast med VA-ansvarleg.

Det skal vere minimum 200 mm grusmasse (underbygging) frå topplate og opp til underkant av asfaltdekke på kommunale vegar. For fylkesvegar og riksvegar gjeld krava til Statens Vegvesen.

Alle vasskummar med brannventil skal vere markert med stolpe og skilt som viser plassering og avstand frå markeringsstolpen.

I Bjørnafjorden skal loka ha kommunal logo. Etter avtale med VA-ansvarleg kan kravet til kommunal logo gå ut.